Det skal byggjast ny gang- og sykkelbru over Jølstra frå området ved det gamle kommunehuset til parkeringsplass ved kjøpesentra nord for Jølstra. Brua vil knyte Sentrum Sør nærare til handelsområdet nord for sentrum, og inngå i ein ny nord-sør akse gjennom sentrum.

Brua vil bli ca. 5 m brei mellom rekkverka, slik at to syklistar skal kunne møtast utan problem.

Tiltaket er førebels kostnadsrekna til 20 mill. kr. (2012). Den nye brua skal vere kommunal veg.

Du kan lese meir om ulike brukonsept her:

https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/fordepakken/nyhetsarkiv/ny-gang-og-sykkelbru-naustoyna-storehagen

Førdepakken, Naustøyna–Storehagen
Det blir bygd ny bru i dette området. Foto: Ingar Hals