Tiltak 9 - Fv. 601 Storehagen–Angedalsvegen
Fv. 601 (tidlegare 481) skal opprustast frå kryss med rv. 5 Naustdalsvegen til den nye brua over Jølstra til Hafstad bydel sør for Førdehuset. Det skal tilretteleggjast for syklistar og fotgjengarar ved å byggje sykkelfelt og fortau. Tiltaket er førebels kostnadsrekna til 91 mill. kr. (2012).
Utarbeiding av reguleringsplan starta i desember 2015, bygging av tiltaket vil truleg gå i gang i byrjinga av 2023.