Anbodsopning riksveg 5 Bergumkrysset
Statens vegvesen har i dag fått inn anboda for Bergumkrysset, det fyrste tiltaket som blir bygd i Førdepakken. Det var stor interesse for arbeidet, og det lokale firmaet Entreprenørservice har den lågaste anbodssummen.
Det kom i alt inn åtte anbod for jobben med utbygging av rv. 5 Bergumkrysset:
Namn på tilbydar | Anbodssum ekskl. mva |
Lemminkainen Norge AS | 47.389.622,- |
Magne Hafstad AS | 45.493.250,- |
Entreprenørservice AS | 37.985.679,- |
Røyseth Maskin AS | 47.193,820,50 |
Contexo AS | 47.746.767,- |
Mesta AS | 44.381.697,87 |
Vassbakk og Stol AS | 46.226.973,43 |
K.A.Aurstad AS | 39.940.764,55 |
- Vi er godt nøgde med konkurransen og dei mottekne tilboda, seier prosjektleiar Ingar Hals.
No startar arbeidet med å kontrollrekne anboda og sjekke at all dokumentasjon er lagt ved, før Statens vegvesenet tek ei endeleg avgjerd om kven som får oppdraget.
- Vi reknar med at bygging i Bergumkrysset tek til i slutten av mars. Etter mykje arbeid med planlegging og førebuing skal det no bli godt å kome i gang med det fyrste tiltaket i Førdepakken, seier prosjektleiaren.
I Bergumkrysset skal ei rundkøyring erstatte to T-kryss med dårleg sikt, noko som vil gje betre trafikktryggleik. I prosjektet inngår og bygging av ein fotgjengarundergang og ein del støyskjermar.