Har kartlagt konsekvensar for fisken ved bruer i Førdepakken
Norce LFI har på oppdrag for Førdepakken kartlagt levestader for fisk i nedre del av Jølstra og Anga.
I samband med prosjekta i Førdepakken skal Statens vegvesen byggje fleire bruer over Jølstra. Det er også andre vegstrekningar som går heilt inntil elva.
I Jølstra går laks og sjøaure opp til Brulandsfossen. Anga er rekna som lakse- og sjøaureførande opp til Prestefossen. Det har også vore lagt ut rogn i elva oppstraums Prestefossen for å auke fiskeproduksjonen i elva.
Norce LFI har på oppdrag for Førdepakken kartlagt levestader for fisk (fiskehabitat) i nedre del av Jølstra og Anga. Gyte- og oppveksttilhøva for laks og sjøaure i desse delane av elva har ikkje vore kartlagt før, då fiskeundersøkingar tidlegare har vore retta inn mot vasskraftutbygginga i Jølstra. Kartlegginga er viktig for å få ein status før utbygging, og for å vurdere konsekvensane av dei ulike tiltaka i og ved elva.
I følgje rapporten har elveområdet der det skal byggast bru over elva mellom Førdehuset og Hafstad (tiltak 01 i Førdepakken) stort potensiale for gyting, og det er registrert gyteområde rett nedstraums det aktuelle kryssingspunktet.
Fiskebiologane vurderer likevel at ei bru i dette området ikkje vil avgrense fiskeproduksjonen, eller vere til hinder for gyting. Dette fordi pilarar i elva vil kunne auke variasjonen i denne delen av elva som er einsformig og med lite skjul for fisken. Det vert råda til å legge stein og mindre blokker rundt pilarane slik at det vert danna meir skjul for ungfisk. Slike innslag i elva vil også gje meir variasjon i vasstraumen, noko som kan vere gunstig for gyting.