Vinter og snø stoggar ikkje arbeidet på tiltak 6 og 7
Snøen har lagt seg over Askvollkrysset og Steinavegen, men det vert likevel jobba på for å kunne fullføre delprosjektet i løpet av forsommaren.
I ytste delen av anlegget, fv. 609 Steinavegen, er entreprenøren komne langt i arbeidet med å få på plass rør, leidningar og kummar nede i bakken der fortauet skal gå. Private avkøyrsler skal stellast til, og noko muringsarbeid står att.
Ved inngangen til Askvollkrysset er Førdefirmaet Anleggsgartner Baarøy hyra inn som underentreprenør til å lage støyskjerm langs fylkesvegen, og forblende ein betongmur langs ein tilkomstveg med naturstein.
Sjølve krysset er nærmast ferdig, men manglar dei siste laga med asfalt.
- Dei fleste av dei større arbeidsoperasjonane er avslutta, men det står att ein del muringsarbeid og siste finpuss før krysset er heilt klart. Vi treng tida, men siktar på å bli ferdige innan sommaren som planlagt, seier byggjeleiar Martin Solheim Ekreskar.
-
Bilde 1 av 6: Steinavegen framstår som ekstra smal i anleggsperioden, men når fortauet er ferdig og anleggsgjerda vekke, vil det bli mykje betre både for bilistar og mjuke trafikantar. Foto: Heidi Ravnestad -
Bilde 2 av 6: Kontrollingeniør Rune Moldestad har modell av prosjektet i 3D på nettbrettet, og kan sjekke alle detaljar ute på anlegget. Alle rør, kummar, murar, vegar og leidningar ligg inne i programmet. Foto: Heidi Ravnestad -
Bilde 3 av 6: Langs Steinavegen ved Halbrendsøyra vert det sett opp ein mur med gjerde oppå, som eit skille mellom gang- og sykkelveg og private eigedomar. Foto: Heidi Ravnestad -
Bilde 4 av 6: Utvidinga av brua med svingefelt er ferdig. Det blir mest sannsynleg ikkje fleire stengingar i krysset før asfalteringa tek til utpå våren. Foto: Heidi Ravnestad -
Bilde 5 av 6: Byggeleiar Martin Solheim Ekreskar, kontrollingeniør Rune Moldestad og HMS-koordinator Eirik Markeset følgjer opp anleggsarbeidet for Statens vegvesen. Dette kan ikkje gjerast kun frå eit kontor – då må ein ut på anlegget kvar dag. Foto: Heidi Ravnestad -
Bilde 6 av 6: Langs denne tilkomstvegen er det sett opp ein betongmur ned mot Halbrendsøyra. Denne vert forblenda - det betyr at den vert kledd med naturstein. Foto: Heidi Ravnestad