Frå aust til vest på E134 – frå referansegruppemøte i Bergen 26. januar
– Vi nærmar oss slutten av utgreiinga, og ser at vi kjem litt nærare å kunne peike på alternativa som kjem best ut, seier prosjektleiar Morten Ask.
– Vi nærmar oss slutten av utgreiinga, og ser at vi kjem litt nærare å kunne peike på alternativa som kjem best ut, seier prosjektleiar Morten Ask.
26. januar møttest referansegruppa i konseptvalutgreiinga for E134 arm til Bergen ein siste. No skal prosjektgruppa drøfte vidare, konkludere og informere leiinga i Statens vegvesen om fordelane og ulempene ved dei ulike konsepta. Samfunnsnytten veg tungt, det same gjer å nå dei effektmåla som er definerte for prosjektet. Vidare er sjølvsagt økonomi ein viktig faktor.
![Portrett av prosjektleder Morten Ask](/contentassets/a01fe0d60d26445aa0bffca90bf5b97f/2022-09-29---morten-ask.jpg?width=426&mode=crop)
Konsekvensar med og utan økonomisk verdivurdering
Ein kan setje ein pengeverdi på mange verknader og effektar av eit vegprosjekt, som reisetid, reiselengde og byggjekostnadar. Andre kostnadar er vanskelegare å setje ein økonomisk verdi på. Alle sider ved dette prosjektet er analysert. Morten Ask løftar fram det grundige arbeidet som er gjort med å synleggjere dei «ikkje-prissette» verknadene på miljø, klima, natur, landskap, arealbruk og kulturminne.
– No jobbar vi med å gjere ferdig ein oppsummering av dei regionale verknadene og ein delrapport på klima, før vi kan drøfte alle faktorane og kome fram til ein tilråding.
![Bilde fra salen, med referansegruppedeltakere.](/contentassets/1af100846dcd4734993ffbe7b6983f54/salen-9---deltakere.jpg?width=768&mode=crop)
Fleksibilitet kan vere avgjerande
– Vi ser at nokre av konsepta er betre egna til å byggje ut trinnvis enn andre. Nokon gjev og betre moglegheiter for å bruke eksisterande veg. Slike omsyn må vi ta når vi drøftar og vurderer, seier Ask.
I referansegruppa er det enno noko usemje om kva konsept som vil vere det beste – som vil famne flest og gje best effekt for reisevegen mellom aust og vest. Statens vegvesen har greidd ut seks moglege konsept, og kvart av desse har sine tilhengjarar.
– Det er sterke interesser i dei geografiske områda vi ser på, seier Ask, og legg til at han har stor forståing for dei fleste argumenta. Denne vegen har stor innverknad og på områda rundt – sør, aust og nord for den traseen vi vel, avhengig av om vi går nordover, sørover eller rett vestover.
– Hovudoppdraget vårt er å vurdere effekten det nye vegsambandet vil ha for dei lange reisene – altså for sambandet mellom Austlandet og Vestlandet. Men vi analyserer også dei regionale og lokale verknadene, som vi veit har noko å seie særleg for næringslivet i dei ulike regionane.
![En gruppe møtedeltakere i samtale](/contentassets/00349736f2f34a358ba6a090954ee20f/pausediskusjon-2.jpg?width=768&mode=crop)