Samferdselsdepartementet legg til grunn at den vidare planlegginga av E134 arm til Bergen skal ta utgangspunkt i konsept 1.

Statens vegvesen skal starte eit utgreiingsarbeid saman med Vestland fylkeskommune. Målet er å få på plass ein utviklingsstrategi med forslag til prioritering og finansiering av dei viktigaste prosjekta på strekninga.

9. august 2023 fekk Samferdselsdepartementet oversendt Statens vegvesen si konseptvalutgreiing (KVU) for E134 arm til Bergen. Det har og vore gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS1) av KVUen. I oversendinga tilråda Statens vegvesen konsept 1 som den beste løysinga for strekninga, og det er særleg moglegheitene for å bygge trinnvis, som gjør at Vegvesenet vurderer dette konseptet som det beste. 

Konsept 1 følgjer i grove trekk dagens fylkesveg 49 frå Trengereid til Jondal og vidare til Odda. Deretter følgjer den rv. 13 opp til Jøsendal.

Vedtaksbrev frå Samferdselsdepartementet (pdf)

Aktuelt for fylke(r): Rogaland, Vestland, Agder, Telemark