Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune inviterer til informasjonsmøte om reguleringsarbeid for sykkelstamvegen Fjøsanger-Kristianborg.

I samband med pågåande reguleringsarbeid for sykkelstamvegen mellom Fjøsanger og Kristianborg, også kalla delstrekning 4, vil planleggarane i Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune invitere til eit opent møte for å informera om løysingane som nå er aktuelle.

Sidan oppstart av planarbeidet hausten 2019 har det vore sett på mange alternativ. Frå å vere eit gang- og sykkelprosjekt med fullskala standard i oppstartsfasen, blir det nå arbeidd med forenkla løysingar både på vestsida og austsida av E39. Vi ønsker å informere om grunnlag og vurderingar knytt til desse forenkla løysingane.

På informasjonsmøtet blir det sett av tid til spørsmål, og det blir høve til å snakke med planleggarane. Det er venta formell høyring av planforslaget i 2025.

Tid, stad og agenda:

Møtet finn stad på Paradis skule onsdag 12. juni klokka 17:00-19:00.

Møtet er ope for alle, og det er ikkje behov for førehandspåmelding.

Agenda for møtet er følgjande:

  • 17:00-18:00: Informasjon om planarbeidet og kva løysningar det blir arbeidd med. Det er sett av tid til spørsmål.
  • 18:00-19:00: Høve til dialog med planleggarane i Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og Bergen kommune.

Har du spørsmål? 

Dersom du har spørsmål knytt til informasjonsmøtet, kan du ta direkte kontakt med saksbehandlarane.

    • Anniken Iden, Statens vegvesen. E-post: anniken.iden@vegvesen.no
    • Inge Edvardsen, Vestland fylkeskommune: E-post: inge.edvardsen@vlfk.no
    • Gjertrud Karevoll, Bergen kommune. E-post: gjertrud.karevoll@bergen.kommune.no
Plangrense for delstrekning 4: Fjøsanger-Kristianborg
Plangrense for delstrekning 4: Fjøsanger-Kristianborg Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland