Onsdag 3. april klokka 20:00 startar anleggsarbeida langs fv. 577 ved Festningskaien.

Trafikantar må rekna med noko redusert framkome og syklistar blir anbefalt å velge alternativ trase. Arbeida som startar onsdag kveld er førebuingar til anleggsarbeid. Dette inneber etablering av anleggsgjerder, skilting og noko mindre gravemaskinarbeid i samband med fjerning av ei trafikkøy.

Bildemontasjen viser dagens situasjon ved Festningskaien (øverst) og illustrasjon av ny sykkelveg med fortau (under).
Bildemontasjen viser dagens situasjon ved Festningskaien (øverst) og illustrasjon av ny sykkelveg med fortau (under). Illustrasjon: Rambøll for Statens vegvesen

Det er på strekninga frå Bradbenken til Skutevikstorget arbeidet med bygging av sykkelveg med fortau vil bli mest merkbart nå i starten. Når anleggsarbeida kjem i gang, vil arbeida i hovedsak pågå mellom 07:00 og 15:00 måndag til fredag. Nattarbeid og arbeid i helger vil bli varsla.

— Entreprenøren startar anleggsarbeida ved Bradbenken, og etter kvart som anleggsarbeidet kjem ordentlig i gang vil det pågå arbeid langs heile strekningen frå Bradbenken til Glass Knag, fortel byggeleiar Bjørn Rusten Lundberg.

Trafikale endringar

Gangfeltet langs Bergenhus Festning blir stengd for gåande, og ein må ta i bruk fortau på Festningskaien. Det blir oppretthalde to-vegs trafikk langs denne delen av traseen, men dagens kollektivfelt vil bli stengd.

Strekninga Bradbenken-Sandvikstorget skal stå ferdig sommaren 2025, mens den nordlegaste delen frå Sandvikstorget til Glass Knag skal vere ferdig sommaren 2026.

Redusert framkome

Fylkesveg 577 vil vere open for trafikk i heile anleggsperioden, men trafikanter må rekne med redusert framkome i periodar og noko lengre reisetid. Bussreisande vil merke at enkelte busstopp på strekninga vil bli flytta i anleggsperioden. Endringane vil bli varsla via Skyss i app og med oppslag på busstoppa.

Ber syklistar velje alternativ rute

Syklistar som ferdast på strekninga vil oppleve redusert framkome og omkøyringar. Strekninga vil vere open for trafikk, men vi ber syklistar benytte seg av alternativ rute mens anleggsarbeida pågår. Alternativ rute vil gå via Amalie Skrams vei, Ekregaten, Sandviksveien og Nye Sandviksvei. Årsaka er at tilbod for gåande og syklande på fleire parti langs fv. 577 vil bli lagt om når anleggsarbeida pågår.

Kartet viser forslag til alternativ sykkelrute Amalie Skrams vei via Ekregaten, Nye Sandviksvei videre til sentrum.
Kartet viser forslag til alternativ sykkelrute Amalie Skrams vei via Ekregaten, Nye Sandviksvei videre til sentrum. Illustrasjon: Google Maps

Viktig oppfordring til trafikantane

Den alternative sykkelruta vil bli skilta, men det vil ikkje bli gjort andre tiltak. Det er derfor viktig at både bilistar og syklistar tar høgde for at det kan vere fleire syklande som vel den alternative sykkelruta. Her må alle trafikantgrupper vere merksame, og avpasse fart og vise hensyn, slik at vi unngår trafikkfarlege situasjonar.

Om prosjektet

Statens vegvesen signerte i februar kontrakt med Vassbakk & Stol for bygging av sykkelstamveg på den drygt to kilometer lange strekninga. Dagens sykkelfelt skal bli bygd om til sykkelveg adskilt frå biltrafikken. Det har dei siste åra vore fleire trafikkulykker på strekninga, spesielt i det såkalte Gjensidigekrysset. Prosjektet er finansiert gjennom Miljøløftet.

Kontaktperson: 

Bjørn Rusten Lundberg
Byggeleder Statens vegvesen
Mobil: +4797422488
E-post: bjorn.rusten.lundberg@vegvesen.no