Frå måndag 21. oktober vil det bli innsnevring til eit køyrefelt og lysregulering i området mellom Skutevikstorget og Rothaugtunnelen.

Måndag 21. oktober startar vi opp anleggsarbeid frå Skutevikstorget og nordover gjennom Rothaugtunnelen. Tunnelen vil bli stengd for syklistar då det skal føregå arbeid i tunnelen.

For gåande vil fortau bli flytta til sjøsida av vegen, og vi ber fotgjengarar ta omsyn til skilting og å bruke overgangsfeltet ved Skuteviksbodene 16 og Skutevikstorget.

Det vil vere lysregulering fram til midten av november, og trafikantar må berekne noko lengre reisetid og noko kø. Alternativt kan trafikantar køyre via E39 Fløyfjellstunnelen.

Ber syklistar velje alternativ rute

Syklistar som ferdast på strekninga vil oppleve redusert framkome og omkøyringar. Strekninga vil vere open for trafikk, men vi ber syklistar benytte seg av alternativ rute mens anleggsarbeida pågår. Alternativ rute vil gå via Amalie Skrams vei, Ekregaten, Sandviksveien og Nye Sandviksvei.

Kartet viser forslag til alternativ sykkelrute Amalie Skrams vei via Ekregaten, Nye Sandviksvei videre til sentrum.
Kartet viser forslag til alternativ sykkelrute Amalie Skrams vei via Ekregaten, Nye Sandviksvei videre til sentrum. Illustrasjon: Google Maps

Kontaktperson:

Bjørn Rusten Lundberg

Byggeleder Statens vegvesen

Mobil: +4797422488

E-post:

Aktuelt for fylke(r): Vestland