Statens vegvesen har signert kontrakt med Arbeidsfellesskapet Fyllingen Maskin AS og Strand AS for bygging av sykkelstamveg frå Skjold til Nesttun.

Bilde av  da Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik (nr to fra venstre) signerte kontrakten med Gisle Andersen prosjektsjef fra Fyllingen Maskin (nr tre fra venstre). Prosjektleder i Statens vegvesen Beate Riisnæs var også tilstede under signeringen (lengst til venstre), samt prosjektleder i Fyllingen Maskin Lars Stemland (nr 1 fra høyre)
Klare for bygging av Sykkelstamveg i Bergen. Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik (nr to fra venstre) signerte kontrakten med Gisle Andersen prosjektsjef fra Fyllingen Maskin (nr tre fra venstre). Prosjektleder i Statens vegvesen Beate Riisnæs var også tilstede under signeringen (lengst til venstre), samt prosjektleder i Fyllingen Maskin Lars Stemland (nr 1 fra høyre) Foto: Karoline Rage

Strekningen strekker seg langs fylkesveg 582, frå Apeltunvannet på nordsida av Lagunen kjøpesenter og til Nesttunbrekka, og er ein del av prosjektet E39 Sykkelstamveg Bergen. Arbeida startar etter planen i januar 2025, og prosjektet skal stå ferdig hausten 2026. Kontrakten har ein verdi på 214,4 millionar kr ekskl. mva.

Bildet er av eit kart som viser delstrekning 2 på Sykkelstamvegen i Bergen som no skal bli bygd ut. Strekningen er markert med rød farge og går frå Apeltunvannet til Nesttunbrekka.
Kartet viser delstrekning 2 på Sykkelstamvegen i Bergen som no skal bli bygd ut. Strekningen er markert med rød farge og går frå Apeltunvannet til Nesttunbrekka. Foto: Statens vegvesen

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik er godt fornøgd med kontraktsigneringa.

– Eit godt utbygd sykkelstamvegnett vil vere viktig for å auke sykkelandelen i Bergen, og bidrar til at vi skal nå måla i Byvekstavtalen. Når vi får spaden i jorda her, har vi to delstrekningar på E39 Sykkelstamvegen i Bergen under utbygging. Det betyr at Bergen får 4 kilometer med ny sykkelstamveg i løpet av dei neste åra.

Begge delstrekningane som låg i kontrakten frå Lagunen til Nesttunbrekka skal byggast. Delstrekninga frå Fana Blikk til Nesttunbrekka låg som negativ opsjon, men kostnadsbilete visar no at begge delstrekningane kan bli bygga innanfor rammene til prosjektet. Prosjektleiar i Statens Vegvesen, Beate Riisnæs, er svert nøgd med at arbeidet med heile strekninga no kan starte opp.

– Det er kjekt at vi nå får bygge ein delstrekning til på sykkelstamvegen. Målet med E39 Sykkelstamveg Bergen er å gjere det meir attraktivt for reisande å velje sykkelen. Skal vi få til dette må sykkelen kunne konkurrere med bilen i bruk av tid og oppleving av tryggleik. Dermed er eit samanhengande sykkelnett der gåande og syklande har eigne felt grunnleggande i arbeidet med å gjere det meir attraktivt å sykle.

Arbeidsfellesskapet Fyllingen Maskin AS og Strand AS vil i desember starte med å etablere midlertidig riggområde, før dei går vidare med oppstart av anleggsarbeid over nyttår.

Om E39 Sykkelstamveg Bergen

E39 sykkelstamveg Bergen består av åtte delstrekningar i sykkelvegnettet frå Flesland i sør til Vågsbotn i nord. I tillegg til kontrakten for delstrekning to mellom Nesttun og Skjold bygger Statens vegvesen sykkelveg på delstrekning 6 b og c som strekk seg frå Bradbenken til Glass Knag i Sandviken.

Bildet er en kartillustrasjon av E39 Sykkelstamvegen i Bergen. Kartet viser sykkelvegens strekning frå Flesland i sør til Vågsbotn i nord.
Kartillustrasjon av E39 Sykkelstamvegen i Bergen. Kartet viser sykkelvegens strekning frå Flesland i sør til Vågsbotn i nord. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland