Måndag 16. desember startar førebuande arbeid med riggområdet for prosjektet E39 Sykkelstamveg Skjold-Nesttun.

Riggområdet skal etablerast på innfartsparkeringa mellom Fanavegen og Harevegen. I denne anledning skal vi starte opp med å rydde skogsareal og reinske berg tilgrensande innfartsparkeringa ved Harevegen. Innfartsparkeringa vil vere open for bruk til og med 5. januar 2025.

Bildet viser eit kartutsnitt. Den raude markeringa på kartet viser skogsarealet som skal bli rydda.
Den raude markeringa på kartet viser skogsarealet som skal bli rydda. Foto: Statens vegvesen

Når anleggsarbeidet kommer i gang, vil arbeidet i hovudsak føregå mellom 07:00 og 15:00 måndag til fredag.

Informasjonsmøte på Skjold skole

8. januar inviterer Statens vegvesen og Fyllingen maskin AS og Strand AS naboar, næringsdrivande og andre interesserte til informasjonsmøte.
På møtet vil vi informere om arbeidet som skal bli gjort med etablering av sykkelstamveg mellom Skjold og Nesttun. Her vil vi informere om prosjektets omfang, framdriftsplan, videre plan for informasjonsformidling og kontaktinformasjon til prosjektleiinga.

  • Når: Onsdag 8. januar
  • Tid: 18:00-19:00
  • Sted: Skjold Skole (Adresse: Fanavegen 59, 5236 Rådal)

Om prosjektet

Statens vegvesen signerte i november kontrakt med Fyllingen maskin AS og Strand AS for bygging av sykkelstamveg på den to kilometer lange strekninga mellom Skjold og Nesttun. Prosjektet er finansiert av Miljøløftet, og inneber å bygge ny gang- og sykkelveg åtskild frå biltrafikken. Den nye traseen skal auke trafikktryggleiken då den gir meir trafikksikre kryss, den skil gåande og syklande og den fjernar eksisterande biltrafikk på gang- og sykkelvegen. Desse tiltaka vil legge til rette for at fleire skulebarn og andre kan gå trygt, sjølv ved auka sykkeltrafikk. Ny gang- og sykkelveg vil også gi redusert reisetid og betre framkome for gåande og syklande, noko som gjer at prosjektet bidrar til at vi kjem eit steg nærmare å oppnå nullvekstmålet.

Prosjektleiar i Statens Vegvesen, Beate Riisnæs, er svert nøgd med at arbeidet med strekninga no kan starte opp.

– Målet med E39 Sykkelstamveg Bergen er å gjere det meir attraktivt for reisande å velje sykkelen. Skal vi få til dette må sykkelen kunne konkurrere med bilen i bruk av tid og oppleving av tryggleik. Dermed er eit samanhengande sykkelnett der gåande og syklande har eigne felt grunnleggande i arbeidet med å gjere det meir attraktivt å sykle.

Strekninga Skjold-Nesttun skal stå ferdig hausten 2026.

Kontaktperson:

Inge-André Håkull
Delprosjektleder Statens vegvesen
Mobil: +4747802877
E-post: inge-andre.hakull@vegvesen.no

Aktuelt for fylke(r): Vestland