Startar vegarbeid sør for Sandvikstorget
Tysdag 10. desember startar ny fase i anleggsarbeidet med sykkelvegen frå Bradbenken til Glass Knag.
Sør for Sandvikstorget vil det framover bli endra køyremønster og justeringar på fortau. Sykkelfeltet vil bli stengd, og syklistar må enten ta i bruk fortau, bilveg eller alternativ sykkelrute i Nye Sandviksvei. Arbeidet som startar opp neste veke er førebuing til anleggsarbeid og oppstart av gravearbeid.
Når anleggsarbeidet kommer i gang, vil arbeidet i hovudsak føregå mellom 07:00 og 15:00 måndag til fredag.
Redusert framkome
Fylkesveg 577 på strekninga frå Bontelabo til Glass Knag vil vere open for trafikk i heile anleggsperioden, men trafikantar må pårekna redusert framkome i periodar, og noko lengre reisetid. Bussreisande vil merke at enkelte busstopp på strekningen vil bli flytta. Endringane vil bli varsla av Skyss via appen «Skyss reise» og med oppslag på busstoppa.
Om prosjektet
Statens vegvesen signerte i februar kontrakt med Vassbakk & Stol for bygging av sykkelstamveg på den drygt to kilometer lange strekninga. Dagens sykkelfelt vert bygd om til sykkelveg åtskild frå biltrafikken. Det har dei siste åra vore fleire trafikkulykker på strekninga, spesielt i det såkalla Gjensidigekrysset. Strekninga Bradbenken-Sandvikstorget skal stå ferdig sommaren 2025, mens den nordlegaste delen frå Sandvikstorget til Glass Knag skal vere ferdig sommaren 2026. Prosjektet er finansiert gjennom Miljøløftet.
Kontaktperson:
Bjørn Rusten Lundberg
Byggeleder Statens vegvesen
Mobil: +4797422488
E-post: bjorn.rusten.lundberg@vegvesen.no