Eitt tråkk nærmare sykkelstamveg
Måndag 28. mars sender Statens vegvesen forslag til kommunedelplan og konsekvensutgreiing for Sykkelstamvegen til Sandnes og Stavanger kommune. – Planen viser ein ny måte å tenkje sykkelanlegg på, der høg standard og fart står sentralt, seier prosjektleiar Bjørn Åmdal.
I forslaget ligg ei anbefaling for sykkelstamveg parallelt med E39 mellom Stavanger og Sandnes via Forus/Lura.
– Hovudmålet for prosjektet er at sykkelstamvegen skal vere så attraktiv at langt fleire vel å sykle framfor å køyre bil til jobb på Forus, fortel Åmdal.
– Med dette prosjektet tenkjer og satser vi stort, seier han. Sykkelstamvegen er eit pionerprosjekt i Norge. Sykkelstmvegen skal vere ein effektiv og trafikksikker forbindelse mellom Forus og både Sandnes og Stavanger.
Attraktiv ekspressveg
Sykkelstamvegen skal ha høg standard. Den skal ha lite stigning, ha god breidde og få svingar. I tillegg skal den vere trafikksikker.
– Den skal vere bare for syklistar, forklarer Åmdal, med kryssinger i to plan og få konfliktpunkt.
Bakgrunn
I dag er det mange arbeidsplassar på Forus/Lura. Det er lange køar og få som sykler.
– Vi ser t det i 2040 kjem til å vere dobbelt så mange arbeidsplassar i dette området, noko som ikkje kjem til å betre køsituasjonen, seier Bjørn Åmdal, og legg til at fleie dermed må sykle eller reise kollektivt.
Mål at fleire skal sykle til jobb
Sykkelstamvegen er eit viktig bidrag til å oppnå mål i Norsk Transportplan (NTP) om dobling av sykkelandel i by og byområde. Målet med sykkelstamvegen er difor å meir enn doble talet på syklistar i 2040 og auke sykkelandelen langs strekninga. Prosjektleiaren understreker at andre sykkeltiltak må kome i tillegg for å oppnå auke i sykkelbruk og sykkelandel.
Forklaringar
Kommunedelplanen er ein overordna plan som skal fastsette plassering, utforming og arealbruk.
Konsekvensutgreiinga skal avklare konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn. Etter ovesrsendinga til kommunane er det opp til dei om og kva tid dokumenta blir lagt ut på høyring og til offentleg ettersyn.