Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Onsdag 12. september markerer Statens vegvesen og entreprenør Risa AS byggestart på Sykkelstamvegen, mellom Asser Jåttensvei og Sandnes grense.

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal og ordførarane Christine Sagen Helgø (Stavanger) og Ole Ueland (Sola) deltar på markeringa.

Markeringa er ved Kontorveien, ved Solasplitten, rett sør for avkøyringa frå E39, onsdag 12. september klokka 07:30 (sjå oversiktsfoto).

Pionérprosjekt

– Vi ønskjer å markere at Statens vegvesen og Risa AS nå er i gang med bygginga av Sykkelstamvegen, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Kari Smådal Turøy.

Sykkelstamvegen er eit av dei største prosjekta i Bymiljøpakken, eit pionérprosjekt med ein høgstandard sykkelveg mellom Stavanger, Forus og Sandnes.

Sykkelstamvegen blir totalt 13 kilometer lang. Strekninga som blir bygt nå er på vel 3,7 kilometer, og går frå Jåttå til Sandnes, langs E39 motorvegen.

Målet med prosjektet er å overføre arbeidsreiser frå personbil til sykkel.

– Det er godt å vere i gang, seier prosjektleiar Turøy. Ho gleder seg til samarbeidet med Risa AS. Allereie i midten av månaden kjem arbeidsbrakkar på plass i området. Her skal prosjektleiinga både i vegvesenet og Risa ha kontor.

Utfordringar i byggeperioden

Det kjem til å bli utfordrande å bygge så tett på trafikken på motorvegen.

– I tillegg kjem vi til å jobbe nær høgspentkablar både i luft og i bakken, og nær store vatn- og avløpsleidningar, seier Turøy.

Heile strekninga mellom Asser Jåttens veg og Sandnes grense skal stå ferdig sommaren 2020.

ortofoto oppmøte spadestikk
Markering av første spadestikk på Sykkelstamvegen er ved Kontorveien, ved Solasplitten, rett sør for avkøyringa frå E39. Markering onsdag 12. september klokka 8:30.
Aktuelt for fylke(r): Rogaland