Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Politikarane i Stavanger vedtok 9. mai reguleringsplanen for sykkelstamvegen mellom Schancheholen og Sørmarka.

På strekninga gjennom Sørmarka kjem ein 350 meter lang tunnel berre for syklistar.  

- Vi trur at tunnelen bidrar til å gjere sykling meir attraktivt for dei som skal til og frå Forus eller Sandnes, seier Matthew Millington i Statens vegvesen.

Strekninga mellom Schancheholen og Sørmarka er 2,6 kilometer lang, og kjem til å koste cirka 300 millionar kroner å bygge.

Omsyn til alle

Millington seier det har vore utfordrande å finne gode løysingar for syklistane og samtidig ta vare på bustadområda langs strekninga.

- Slik planen er nå trur eg vi har løyst det på best mogleg måte for alle partar, seier han. 

Sykkelstamvegen blir bygt i etappar. Etter planen startar arbeidet med å bygge første del av strekninga Sørmarka-Smeaheia etter påske i 2017.

 

Totalt blir sykkelstamvegen mellom Stavanger og Sandnes 13 kilometer lang.

 

 

Planlagt sykkeltunnel under Sørmarka
Illustrasjon av planlagt sykkeltunnel gjennom Sørmarka Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Rogaland