Risa AS bygger første strekning av Sykkelstamvegen
Risa AS leverte det lågaste tilbodet på å bygge den første strekninga av Sykkelstamvegen, mellom Asser Jåttensvei og Oalsgata.
Seks firma gav tilbod då prosjektet blei lyst ut før sommaren. Risa AS hadde det lågaste tilbodet, på i overkant av 293,6 millionar kroner.
– Vi gleder oss til å kome i gang med arbeidet. Vi håpar på å signere kontrakt med Risa AS på første etappe mellom Asser Jåttens vei og Sandnes grense før vi tar ferie, slik at vi kan starte bygging i august/september, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Kari Smådal Turøy.
Strekninga skal vere ferdig i 2020.
Oppstart etter sommaren
Sykkelstamvegen er eit pionerprosjekt for ein høgstandard sykkelveg mellom Stavanger og Sandnes, med mål om å overføre arbeidsreiser frå personbil til sykkel. Sykkelstamvegen skal vere ein effektiv og trafikksikker veg for syklistar.
Les gjerne meir om Sykkelstamvegen og strekninga Asser Jåttensvei-Sandnes grense på prosjektsida hos Statens vegvesen eller følg Sykkelstamvegen på Facebook.