Starta ekstern kvalitetssikring
Arbeidet med å kvalitetssikre delstrekninga av Sykkelstamvegen mellom Sørmarka og Smeaheia er i gang.
– Sidan kostnaden er over 750 mill må prosjektet kvalitetssikrast hos ein ekstern aktør før det blir godkjent, fortel prosjektleiar Kari Smådal Turøy.
Oppstart sist veke
Turøy presenterte Sykkelstamveg-prosjektet på oppstartsmøtet for kvalitetssikringsgruppa i samferdsledepartementet onsdag 9. desember.
– Eg er opptatt av å syne at dette er eit godt prosjekt for Stavanger og Sandnes, seier Turøy.
Turøy forklarar at ein ikkje får løyving til bygging før KS2- gjennomgangen er ferdig. Ho trur likevel ikkje at prosjektet blir forseinka.
Kva er KS2?
Ekstern kvalitetssikring (KS2) er ei kvalitetssikring av styringsunderlag og kostnadsoverslag før ei eventuell investeringsbeslutning i Stortinget. Ordninga blei innført av Finansdepartementet i år 2000, og gjeld for statlege investeringar på reguleringsplannivå med kostnadsoverslag over 750 millionar kroner.