Sykkel-pionérprosjekt er snart i gang i Stavanger
Statens vegvesen har skrive kontrakt med Risa AS for å bygge den første strekninga på Sykkelstamvegen. Rett over sommaren startar arbeidet opp.
Kontrakten gjeld strekninga mellom Asser Jåttensvei og Oalsgata.
- Vi gleder oss til å komme i gang med bygginga! Vi håpar det skjer i slutten av august eller starten på september, seier prosjektleiar for Sykkelstamvegen, Kari Smådal Turøy.
Pionerprosjekt
Sykkelstamvegen er eit pionerprosjekt for ein høgstandard sykkelveg mellom Stavanger og Sandnes. Målet er at fleire skal velje sykkel framfor bil når dei skal til og frå jobb på Forus.
- Sykkelstamvegen skal vere ein effektiv og trafikksikker veg for syklistar, fortel prosjektleiaren.
To år på første del
Den første delen, Asser Jåttensvei til Sandnes grense skal vere ferdig i 2020. Det er ei strekning på cirka sju kilometer. Det ligg også inne opsjonar på strekninga mellom Løwenstrasse og Oalsgata. Dersom alt går greit kan bygginga starte her i september 2019, og bli ferdig i 2021.
Her kan du sjå kart og liste over framdrifta slik ho er tenkt.
Kjem til å merke bygginga
- Vi bygger Sykkelstamvegen langs E39, så dette er noko folk kjem til å merke, seier Smådal Turøy. Prosjektleiaren fortel at det til tider kjem til å bli lågare fartsgrense på motorveien og i Solasplitten under bygginga. Det blir sjølvsagt tydeleg varsla.
Berre for syklistar
Sykkelstamvegen er eit av dei store prosjekta i Bymiljøpakken og blir til saman 15 kilometer lang. Den skal vere ein effektiv og trafikksikker veg for syklistar mellom Sandnes, Forus og Stavanger.
Sykkelstamvegen er berre for syklistar, og skal ha
- lite eller ingen kryssande trafikk
- høg standard
- god breidde
- midtstripe