Utvider planområde Schancheholen-Sørmarka
Statens vegvesen sender i dag ut varsel om utviding av planområde for sykkelstamvegen.
Utvidinga gjeld for reguleringsplanen for delstrekninga mellom Schancheholen og Sørmarka.
Brevet går til alle som blir direkte berørt, og til offentlege etatar og bydelsutvalet.
– Grunnen til at vi ønsker å utvide planområdet er at vi ønsker å vere føre var. På denne måten sikrar vi oss nok plass til eventuelle anleggsområde og anleggsvegar under byggeperioden, seier prosjektansvarleg i Statens vegvesen, Matthew Millington.
– Samtidig er det eit mål at dei som bur i området er førebudd, legg han til.
Millington fortel også at areal som blir nytta midlertidig blir tilbakeført etterpå. Detaljar kring det arbeidet blir avklart under prosjektering og bygging.
Sjå brevet om utvidinga i margen til høgre