Permanent køyremønster på plass i Sømmevågen og Flyplassvegen
Onsdag morgon, 24. mai kjem nytt og permanent køyremønster på plass i Sømmevågen og på Flyplassvegen.
Statens vegvesen har sidan desember 2014 jobba med å bygge toplanskryss i Sømmevågen og firefeltsveg på Flyplassvegen. Om ein drøy månad er alt ferdig.
- Dei som skal til flyplassen frå Stavanger og Forus må køyre under den nye brua, halde til høgre, for så å køyre over brua, forklarar fungerande prosjektleiar i Statens vegvesen, Pål Thornes.
Dei som kjem frå Tananger og skal til flyplassen følger skiltinga mot høgre, som i dag.
Mest endring for skole-elevar
Den største endringa blir for dei som køyrer til flymuseet, flyskolen og Sola Prestegårdsveg. Dei får ein omveg rundt hotellet (sjå kart).
Nye busslommer
Også for dei som tar buss, går og syklar blir det endring.
- Vi fjerner dei midlertidige buss-stoppa som har stått i Sømmevågen og på Flyplassvegen. Dei permanente gjer at det blir litt andre vegar å gå for dei som skal til og frå bussen, seier Thornes.
Sist veke opna den nye undergangen ved Quality Airport Hotel. I tillegg blir alle tre armane opna i undergangen i sør, ved Utsola.
Nattarbeid tysdag kveld og natt
Entreprenøren kjem til å jobbe heile natta med å legge om til nytt køyremønster. Arbeidet startar tysdag kveld kl. 21. Arbeidet er ferdig onsdag morgon klokka 06.