Signerer kontrakt med Stangeland Maskin
Statens vegvesen signerer tysdag kontrakt med entreprenør Stangeland Maskin for arbeidet med å bygge firefelts veg mellom Sømmebakken og Sola skole.
Signeringa skjer i Statens vegvesen sin brakkerigg i Sømmevågen tysdag 13. september klokka 8.30.
– Vi gleder oss til å kome i gang med arbeidet. Vi har sett av to dagar neste veke til å gå gjennom kontrakten med entreprenøren. Etter det håpar vi å starte bygging så snart som mogleg, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Odd-Magnar Nerland.
Anlegg i eitt og eit halvt år
– Strekninga vi skal utvide på riksveg 509 er cirka 1300 meter, og ein del av den såkalla Transportkorridor vest (TKV). Det er også ei forlenging av den vegen vi allereie jobbar med i Sømmevågen, forklarar prosjektleiaren.
Målet med arbeidet er å betre kapasitet og framkomst langs riksveg 509. Med ny gang- og sykkelveg kjem vegen til å vere ein sikker og god skoleveg, mellom anna for den nye skolen som blir bygt.
Firefeltsvegen skal stå klar i mars 2018.
Det var seks firma som gav tilbod då prosjektet blei lyst ut før sommaren. Stangeland Maskin hadde det lågaste tilbodet, på 87,7 millionar kroner.