Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

I starten av desember starta vegarbeidet i Sømmevågen og på Flyplassvegen for fullt. Denne veka har prosjektet etablert seg på Facebook.

‒ Målet med sida er å informere. Vi håpar at Facebooksida kan bidra til at folk som blir berørte av vegarbeidet får sjansen til å følge med på, og vere førebudd på det som skjer framover, seier prosjektleiar Odd-Magnar Nerland.

Nerland legg til at saker og spørsmål som treng saksbehandling ikkje blir svart på via Facebook.

Prosjektsida på vegvesen.no kjem framleis til å bli oppdatert med nyheiter.

Her finn du Facebooksida for Sømmevågen og Flyplassvegen.

Skjermdump av ny Facebookside
Prosjektet Sømmevågen og Flyplassvegen er på Facebook.
Aktuelt for fylke(r): Rogaland