Transportkorridoren til behandling i Randaberg og Stavanger
Randaberg og Stavanger kommune behandlar reguleringsplan for fylkesvegdelen av Transportkorridor vest torsdag 31. august.
Statens vegvesen er ferdig med reguleringsplan for ny veg på strekninga mellom Sunde i sør, via Kvernevik til E39 ved Finnestad i nord. Planen blir behandla i dei to involverte kommunane denne veka.
- Planen legg opp til eit godt trafikksikkert transportsystem, der vi prioriterer dei som går og syklar, og dei som reiser med buss, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Svein Mæle.
Bakgrunn
Transportkorridor vest (TKV) er hovudvegen mellom fleire terminalområder: godsterminalen på Ganddal, Stavanger lufthavn, Risavika og Dusavik. TKV bind desse saman med E39.
- Vi starta reguleringsplanarbeidet for fylkesvegdelen av transportkorridor vest i 2014. Nå er vi glade for å ha klart eit godt gjennomarbeida planutkast, seier Mæle.
Han forklarar at planen bygger på Regionalplan for transportkorridor vest, som blei vedtatt av fylkestinget i 2011.
Bussveien inn
Sidan planarbeidet starta har området for planen blitt utvida.
- Det har ført til at utforming og dimensjonar er endra. Planområdet omfattar nå, i tillegg til Kvernevikveien, også riksvegen frå Hafrsfjord bru til Tasabekken ved Sunde skole, forklarar prosjektleiaren.
Mæle forklarar at nullvekst i personbiltrafikken er eit overorda mål for prosjektet, i tråd med nasjonal transportplan (NTP) og byvekstavtalen. Bussveien har også kome inn etter at planlegginga starta.
- Dette har gjort at prioritering av trafikantgrupper i prosjektet har endra seg undervegs, seier han.
Behandling torsdag
I Randaberg er det Kommuneplanutvalet som behandlar planen, i Stavanger er det Kommunalstyret for byutvikling.
Begge kommunar tar stilling til om - og eventuelt kva tid - planen blir lagt ut på høyring og såkalla offentleg ettersyn.
- Vi kjem til å invitere til open kontordag eller informasjonsmøte om planen i begge kommunar, seier Mæle.
Sjå planforslaget til «Plan 2535, Transportkorridor vest fv. 409, Kvernevikveien, Madla og Tasta bydeler» på kommunane sine heimesider:
Randaberg Stavanger
Følg også gjerne Transportkorridor vest på Facebook