Riksveg 509 Sømmebakken–Sola skole
Statens vegvesen har bygt firefeltsveg i Tanangervegen, frå Sømmebakken, forbi Sola skole, til Tjora.
Både dei som køyrer, syklar og går skal nå komme betre fram på strekninga. Vi har bygt tosidig gang- og sykkelveg og ny rundkøyring ved Kolnesvegen og Sola Prestegårdsveg. Nytt busstopp er på plass ved Sola skole, og vi har bygt ny og breiare undergang for gåande og syklande ved skolen.