Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegevesen er no ferdige med oppgradering av Arnanipa-, Bjørkhaug- og Sætretunnelane. No er det fri ferdsel i alle tre.

Tjenestebil med lys utenfor Arnanipatunnelen i kveldsbelysning.
Arnanipatunnelen er ferdig oppgradert, og det er også Sætre- og Bjørkhaugtunnelene på E16 aust for Bergen. (Foto: Bjarte Kaland Hestenes, Statens vegvesen)

- Me vil takke trafikantar og naboar for stort tolmod medan tunnelane er blitt oppgraderte. Folk har måtte passe på stengetider, og det har vore høg trafikk på omkøyringsvegane i periodar. Prosjektet har vore langdrygt, med start tilbake i 2019, men no er me endeleg ferdige, seier byggeleiar Eirik Berentsen i Statens vegvesen.

Dei tre tunnelane har fått ny belysning og ventilasjon, samt moderne sikkerheitsutstyr. Det er lagt ned meir enn 10,2 mil elkraftkabel i tunnelene, samt over 20 mil med fiberkabel. Til sammen er det sprengt ut 5000 kubikkmeter stein frå dei tre tunnelane, og det er satt inn 1300 sikringsboltar.

I Arnanipatunnelen er det også montert radarsystem med automatisk detektering av uventa hendingar, og heilt nye fotoboksar som tek fartssyndarane.

Mykje arbeid med fjellet

I tillegg er det særs mykje skjult teknisk utstyr som ligg i tak, golv og veggar. I Bjørkhaugtunnelen var det behov for meir fjellsikring enn forventa, og det er utført vass- og frostsikring i heile tunnelen si lengde. I Arnanipa måtte dei gjere meir sprengningsarbeid enn dei hadde tenkt, og det vart meir utfordrande å få nok plass til alle kablar og dreneringssystem for vatn, noko som førte til meirarbeid.

- Entreprenøren fekk ½ års tidsforlenging på kontrakten, men andre forseinkingar kom i tillegg. Me fekk også corona-pandemien i store delar av anleggsperioden, samt at krigen i Europa som har påverka marknad og leveransesituasjon den siste delen av prosjektet. Totalt sett er me no i mål rundt to år etter opphaveleg plan, seier Berentsen.

Stettar dagens krav

Vegvesenet overtok dei ferdige tunnelane frå hovudentreprenør Risa AS i sommar, og fram til no har entreprenøren vore ute og retta feil frå mangelliste etter overtakinga. No er alt sjekka ut, og tunnelane blir sett i vanleg drift framover.

-Me gler oss over å overlevere tre moderniserte tunnelar til brukarane, som no stettar dagens tekniske standard og er lettare å ha oversikt på for vegtrafikksentralen, seier Berentsen.

Dette er gjort i tunnelane:

  • 5 tekniske bygg
  • 5000 m3 sprenging, strossing og pigging
  • 1300 sikringsboltar
  • 1300 m3 sprøytebetong
  • 13000 m2 PE skum
  • 300 m drens- og overvassleidning
  • 87 kummar for overvatn, vatn og avløp
  • 150 trekkekummar
  • 40000 m2 med asfalt
  • 4500 m føringskant av betong og betongrekkverk
  • 550 m stålrekkverk
  • 19000 m veimerking
  • 5 hovudtavler
  • 5 naudstraumstavler
  • 34 naudstasjonsskap
  • 78 automatikkskap
  • 2 naudstasjonskiosk
  • 2 telefonsentral
  • 5 UPS
  • 8 bommar
  • 18 biletpunktskilt (RGB)
  • 95 skilt
  • 58 videokamera
  • 967 led armatur
  • 52 impulsventilatorer med ramme
  • 4300 m kabelstige
  • 102500 m elkraftkabel
  • 11200 m signalkabel
  • 21500 m fiberkabel
  • 3400 m strålekabel
  • 134000 m trekkerøyr
  • 8600 m kabelgrøft
  • 152 trekkekummar
  • komplett jordingsanlegg
Aktuelt for fylke(r): Vestland, Bergen, Vaksdal