Tryggleik i tunnel
Korleis kan du bidra til tryggleiken når du fersast i tunnel, og korleis skal du te deg ved arbeid eller ei hending?
Dagleg ferdsel i tunnel
- Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengd med bom eller raudt lys!
- Følg trafikkreglane og hald avstand. Mange hendingar skuldast at bilen framfor deg bråstoppar og du ikkje greier å stanse.
- Slepp fram utrykkingskøyretøy.
- Ver observant dersom du passerer tunge køyretøy. Lufttrykket er spesielt høgt i tunnel.
- Legg merke til naudutstyr. Noter deg kvar du kan rømme og kor naudtelefonar og brannslokkarar er plasserte.
- I nokre tunnelar er det montert gule blinklys som informerer om melding på bilradioen. Lytt difor på radioen for å få nyttige opplysningar for den vidare køyringa.
Ved kolonne eller stans i tunnel
- Følg med på skilting og vegdirigering, og følg instruksane.
- Ved kolonne skal leiebilen alltid køyra først.
- Følg kolonna, ikkje køyr forbi eller snu. Arbeidsfolk kan vere fleire stader i tunnelen, og gjerne lite synlege frå vegbana. Du kan òg møta kolonne i motgåande retning.
- Hald god avstand til bilen framom deg (minst 15 meter)
- Hald ekstra god avstand til tunge køyretøy framom deg (minst 50 meter)
AVSTAND GIR TID
TID GIR MOGLEGHEITER
MOGLEGHEITER GIR REDNING
Ved ulukke eller brann i tunnel
- Køyr aldri inn i ein tunnel som er stengd med bom eller raude lys!
- Har du snudd bilen, so har du god tid. Røyken spreier seg sakte.
- Ta med andre ut.
- Bruk naudtelefonane, ikkje mobiltelefon. Telefonen gir deg direkte kontakt med ein operatør på Vegtrafikksentralen som kan rettleia deg vidare. Via styringssystemet kan operatørane på Statens vegvesen sin Vegtrafikksentral sjå i kva for tunnel og kvar i tunnelen du er. Ut frå dette kan dei koordinere utrykking og anna hjelp. vegtrafikksentralen kan òg stenga tunnelen og stansa trafikken.
- Bruk brannslokkingsapparata i tunnelen ved brann. Sløkkeapparata i tunnelen er kopla til eit varslingssystem - dersom eitt av desse blir fjerna utløyser det alarmen hjå Vegtrafikksentralen. Dei kan sjå akkurat kva apparat som er fjerna, og stenga tunnelen.