AF fekk Hardangerbru-rasteplassen
Statens vegvesen har skrive kontrakt med AF Gruppen om bygging av rasteplass til Hardangerbrua på Bu.
Dette er frå før ein av dei tre store hovudentreprenørane på Hardangerbrua, som har hatt oppdraget med bygging av tunnel- og veganlegget på båe sider av fjorden. Rasteplassen er ei langt mindre oppgåve, med ein prislapp på 3,4 mill.kr. Plassen vil stå klar i god tid før opninga av Hardangerbrua i august.
Aktuelt for fylke(r):
Vestland