Alvorleg arbeidsulykke i Vallavik
Statens vegvesen har stogga arbeidet med tilførselsvegane til Hardangerbrua etter ei alvorleg arbeidsulykke i Vallavik måndag morgon.
Det var tidleg mandag morgon at ei gravemaskin i arbeid på spreiekammeret til hengebrua på Vallavik fekk ei stor steinblokk over seg. Etter nokre timar med bergingsarbeid konstaterte politiet at føraren av maskina var omkomen.
Blokka som råka maskina var på kring sju kubikk, og veg kring 20 tonn. Blokken trefte førarhuset på gravemaskina. Politiet leia bergingsarbeidet på plassen. Arbeidstilsynet er varsla om ulykka.
Det er i dag møte mellom Statens vegvesen og entreprenørane om ulykka i Vallavik.
- Dette er ei tragisk og trist ulykke. Tankane våre går i første rekkje til dei næraste etter den omkomne, seier prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen. Byggherren vil i samtalar med entreprenør kartlegge hendinga og gå gjennom rutinane for arbeidet.
Arbeidet med bygging av spreiekammer for brukablane på Hardangerbrua var kome i gang på båe sider av fjorden siste veka. På Vallavik skal det sprengast kammer inn i fjellet, medan spreiekammeret på Bu ligg i meir flatt lende.