Artikkelen er fra 2007, og innholdet kan være utdatert.

Til no har vi konsentrert oss om arbeida i Vallavika, på nord side av Eidfjorden. Her er kontorriggen reist - Hardangerbrua prosjektkontor - der vi også skal ta imot besøkjande når så langt kjem.

Det er meininga å flytte inn i veke 46. Da skal  byggherrefolket vere på plass på ein arbeidsstad dei skal ha i fem år.

Vegarbeid
E Opedal og Sønner er ferdige med sitt ”førebuande arbeid” i Vallavika. Dette omfattar  gang-/sykkelveg samt busstopp, utvida avkøyring med avkøyringslomme i Smedvika samt riggområde. 27. september var det overlevering.

Opprusting av omkøyringsvegen rv. 572 Holven-Ulvik skal vere kome så langt til 17. november at auka trafikkmengde kan setjast på. Stenging for ombygging av Vallaviktunnelen vil difor ikkje kome i gang før da. Vi vil kome attende til datoen når dette er avklara med entreprenøren.

 

hardagerbrua gs veg og murar
Gang-/sykkelvegen er ferdig med flotte murar i naturstein
Aktuelt for fylke(r): Vestland