Asfalt-reklamasjon i Butunnelen
Entreprenøren må leggja ny asfalt i rv. 7-delen av den nye Butunnelen ved Hardangerbrua.
Statens vegvesen har reklamert på leveransen av asfalt mellom rundkøyringa i Butunnelen og tunnelmunninga til og frå Eidfjord, som no er skilta rv. 7. Det viser seg at heften er for dårleg, slik at asfalten går i oppløysing. Det er semje mellom byggherre og entreprenør om at denne delen av tunnelen må få nytt asfaltdekke.
Fresing av dekket og legging av ny asfalt tek til måndag 2. september kl. 16.00. Det blir kontinuerleg kolonnekøyring med ledebil så lenge arbeidet pågår.
Fram til arbeidet er ferdig vil det bli nedsett fartsgrense til 30 km/t på Eidfjord-armen i Butunnelen.
Aktuelt for fylke(r):
Vestland