Ein støyp over to døgn
Den første storstøypen på brufundament til Hardangerbrua gjekk kontinuerleg i 50 timar.
Helgetrafikken med ferja mellom Bruravik og Brimnes var i full gong då mannskapa til Veidekke og kontrollørane til Statens vegvesen runda av den største støypejobben på brutårna fredag kveld. Då hadde betongbilane gått i skytteltrafikk frå blandeverket på Bu og levert tilsaman 900 kubikk til den 150 kvadratmeter store og seks meter djupe forskalingskassen frå 17-tida onsdag.
Samstundes blir tvillingfundamentet på Bu klargjort til ein tilsvarande operasjon i veke 44. Og opp frå fundamentet er entreprenøren snart klar til å starte klatringa på sjølve brutårnet. Dersom alt går som planlagt skal det byggjast kring fire meter tårn kvar veke i tida fram mot jul. Dermed skulle det kunne bli nærare 20 meter med to tårnføter som reiser seg - før hardingar og anna godtfolk kan pynta julegrana.
Tårnarbeidet har starta på Bu, medan byggjegropa for fundamentet i Vallavik er under fullføring. Planen er at Veidekke skal ta over byggjeplassen også her i slutten av veke 43.
-
Bilde 1 av 5: Første fundamentet blei ferdig støypt på to døgn. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 2 av 5: Avretting av første fundament på Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 3 av 5: Her pågår avretting av første brufundamentet. (Foto: Geir Brekke) Foto: Foto: Geir Brekke -
Bilde 4 av 5: Avretting av første fundament på Hardangerbrua. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke -
Bilde 5 av 5: Betongslangen blir klargjort for neste levering. (Foto: Geir Brekke) Foto: Geir Brekke