Folkemøte om Hardangerbrua og Bu-Brimnes
Det var stor interesse for folkemøtet i Eidfjord måndag 7. april. Om lag 150 menneske samla seg på Quality Hotel og Resort Vøringsfoss i Eidfjord for å få siste nytt om rassikringsprosjektet Bu-Brimnes og Hardangerbrua.
Etterlengta møte
Dette synte seg å vera eit etterlengta møte der Knut B. Langeland og Øivind Søvik informerte ein fullsett sal om prosjekta, og det kom mange spørsmål frå tilhøyrarane. Tryggleik, seglingshøgd, vegstengingar, tidsplan og omsyn til turisme var av stor interesse, og det synte seg stort engasjement i folk som hadde samla seg frå Eidfjord, Ullensvang, Ulvik og Granvin.
Meir info om prosjekta
Prosjekta blei oppmoda til å vera rause med informasjon også når det ikkje er så mykje nytt å melde, slik at ein slepp at folk er usikre i samband med byggesituasjonen, særskild i situasjonen som oppstod etter me fekk ”time out” på Hardangerbrua.
Mange fekk svar på det dei lurte på denne måndagskvelden, men me minner om at det er høve til å ta kontakt med prosjekta dersom det er noko ein lurer på eller treng informasjon om! Sjekk ut prosjekta sine heimesider for kontaktpersonar.
Tekst og bilete: Liv Nesse Amundsen