Artikkelen er fra 2009, og innholdet kan være utdatert.

Anleggsvegen for Hardangebrua på Bu-sida er no framme ved det som skal bli brufestet. Samstundes er tunneldrivinga på Vallavik godt i gang.

- Her har det ikkje vore veg før, seier prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen, på synfaring langs det som skal bli gang- og sykkelveg fram til Hardangerbrua frå Bu-platået. På same vis som i Vallavik vil siste delen av gang- og sykkelvegen fram mot sidespennet på brua gå i tunnel. Og sykkelveganlegget på båe sider av fjorden blir nytta som tilkomstveg for det arbeidet som vidare skal skje med bygging av tilførselsveg til brua og etter kvart også bygging av brutårna.

No startar tunneldrivinga også på Bu, men entreprenøren har sidan slutten av februar kome godt i gang med inndrifta i fjellet nær Vallaviktunnelen. Gang- og sykkelveg-tunnelen her er ferdig sprengt, og den ordinære køyrebane-tunnelen er under driving, med ei samla lengde på kring 100 meter. Det blir store dimensjonar over tunnel-anlegget på Vallavik, med den heilt spesielle munninga. Tunnelen kjem her opp i ei høgde på heile 24 meter. Tunnelportalen får nærast ein trompet-form fram mot sidespennet og brutårnet, som vil rage 200 meter over fjorden.
 

Prosjektleiar Øivind Søvik i Statens vegvesen ved brufestet for Hardangerbrua på Bu-sida.
Prosjektleiar Øivind Søvik i Statens vegvesen ved brufestet for Hardangerbrua på Bu-sida, der anleggsvegen no er framme. Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland