Stor dag for Hardangerbrua
- I dag regnar det for bru(r)a, og det betyr lykke, sa ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge. Ho var ein av dei frammøtte som skålte i høge glas på verandaen til prosjektkontoret i Vallavika etter at opningssalva var avfyrt 26. februar
Fire ordførarar, grannar av brua, entreprenør og prosjektleiing var samla til markering.
- Etter godt og vel eit år med utsetting, er vi no endeleg i gang, sa Bente Aase som har kontroll på økonomien i prosjektet. – Vi i prosjektet har venta lenge, men for alle eldsjelene som har jobba for prosjektet lokalt, har nok ventetida vor enno lengre.
Etterlengta markering og stor dag
Dei fire ordførarane var samstemte i si uttale; Dette har vi venta på. Det vil gi ny giv til denne delen av fylket, ikkje berre etter at brua er ferdig, men også i anleggsperioden.
AF Gruppen har kontrakt for dei to første entreprisane i prosjektet. Det gjeld tilførselsvegar og tunnelar på begge sider av fjorden.
Eivind Opedal i AF Gruppen seier: - Det var ein stor dag – med høgtid – da vi skreiv kontraktane. Men dette er ein større dag, for no er vi i gang og alvoret har starta. – Det er no vi skal vise kva vi er gode for!
Prosjektleiar Øivind Søvik la i sin tale vekt på kor viktig det er at vi skal ta omsyn til miljøet i anleggsperioden.
- Hardangerbrua ligg i hjartet til eit av våre viktigaste turistområde der naturen og miljøet er eineståande, sa han