Oppstart av reguleringsplanarbeid for rv. 41 kommunegrensa Nissedal–Tanganbekken
Statens vegvesen skal utarbeide detaljreguleringsplan for rv. 41 på strekninga kommunegrense til Nissedal – Tanganbekken i Kviteseid kommune.
Formålet med planarbeidet er å auke trafikktryggleiken og framkoma på vegen gjennom betre kurvatur og sikkert sideterreng.
Last ned
Planprosess, framdrift og frist for innspel/merknader
Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 16. august 2023 anten på brev til:
Statens vegvesen
postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer
eller på e-post til:
Merk brevet eller e-posten med saksnr. 23/94062.
Når merknadsfristen er ute vil Statens vegvesen gå gjennom merknader og innspel. Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i plandokumenta. Statens vegvesen vil utarbeide eit planforslag fram mot høsten/vinteren 2023. Planforslaget vil bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, og det blir mogleg å komme med merknader og motsegn til forslaget før vidare politisk handsaming.
Det er eit mål at planen blir vedteke i løpet av våren 2024.
Ta gjerne kontakt
Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Turid Hagelia Korshavn, mobil 930 96 282, e-post: