Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen varslar om utviding av plangrensa for pågåande arbeid med detaljreguleringsplan for rv. 41 på strekninga Steane - Vrådal.

Planområdet for rv. 41 Steane - Vrådal i Kviteseid kommune utvidast ved Vest-Lønnegrav. Raud stripla line er tildligare kunngjort plangrense, og blå stripla line er utvida planområde. Foto: Statens vegvesen

Bakgrunn for utviding av plangrensa er at det er behov for meir areal enn først anteke for å løyse utfordringar med overvat.

Det er området ved ved Vest-Lønnegrav som no blir utvida. Tilleggskunngjeringa har eit areal på ~1,5 daa, og omfattar delar av gnr/bnr 16/17.  Planområdet har eit samla areal på om lag 850 daa.

Dette varselet er i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3, 12-8 og 3-7 om utviding av plangrensa for pågåande planarbeid med detaljreguleringsplan rv. 41 på strekninga Steane - Vrådal i Kviteseid kommune. 

Last ned

Planprosess, framdrift og frist for innspel/merknader

Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 24. november 2023 anten på brev eller e-post til:

  • Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Merk brevet eller e-posten med saksnr. 22/18905

Når merknadsfristen er ute vil Statens vegvesen gå gjennom merknader og innspel. Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i plandokumenta. Planforslaget vil bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, og det blir mogleg å komme med merknader og motsegn til forslaget før vidare politisk handsaming.

Det er eit mål at planen blir vedteke sommaren 2024.

Ta gjerne kontakt

Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Turid Hagelia Korshavn, mobil 930 96 282, e-post: 

Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark