Varsel om tilleggskunngjering
Bakgrunn for utviding av plangrensa er at det er behov for meir areal enn først anteke.
Statens vegvesen varslar i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3, 12-8 og 3-7 om utviding av plangrensa for pågåande arbeider med detaljreguleringsplan for Rv. 41 Steane-Vrådal, Kviteseid kommune.
Vi viser óg til varslingsbrev av 27.09.22 og tilleggskunngjering av 26.10.23. Utvidinga av planområdet er vist med blå line i kartskisse. Raud line er tidlegare kunngjort plangrense.
Bakgrunn for utviding av plangrensa er at det er behov for meir areal enn først anteke. Planområdet utvidast fleire stader; søraust for hotellet må ein løyse utfordringar med overvatn og driftsveg, nord for Briskelid er det utfordringar med overvatn og åtkomstveg, aust for Tangen og ved Vrådal hyttegrend treng ein sideareal til vegen (i hovudsak midlertidig anleggsareal) og ved Slokvik treng ein areal for å løyse åtkomstar og midlertidig anleggsareal.
Tilleggskunngjeringa har eit areal på ~23 daa, og omfattar heile eller delar av følgande gnr/bnr: 15/2, 15/9, 15/38, 15/80, 15/97, 15/98, 15/100, 16/4, 16/9, 16/17, 16/29 og 16/33. Etter utvidinga har planområdet eit samla areal på i overkant av 870 daa.
Fristen for merknader er 17. mars 2024.