Rv. 13 Førland bru
Vegdirektoratet har gjeve Statens vegvesen påbod om å oppgradera Førland bru, så ho skal tole dagens tungtrafikk i begge retningar.
Ny bru over Suldalslågen ved Førland. Det er i dag kun eit felt ope for trafikk over Førland bru. Planlagt byggestart sommar 2023.
Statens vegvesen skal lage ny bru over Suldalslågen på riksveg 13 ved Førland. Vidare vil også delar av vegen før og etter brua bli oppgradert. Den eksisterande brua skal vere i bruk under heile byggeperioden, og fram til ny bru er klar.
Gjennom planarbeidet ønskjer me å leggje betre til rette for kollektivbrukarar på staden, og mjuke trafikantar skal sikrast over brua. Me skal fortsatt ivareta moglegheitene for fisking i området ved brua, samt sikre eller betre forholda for landskap og natur.
- Vei:
- Rv. 13
- Fase:
- Planfase
- Kommuner:
- Suldal
- Fylker:
- Rogaland
- Nasjonal transportplan:
- Handlingsprogrammet 2018–2023
- Oppstart:
- 2023
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
Rennesøygata 16, Haugesund