Rv. 13 i Suldal kommune er ei skredutsett vegstrekning, og Statens vegvesen har utarbeidd reguleringsplan for ein ny trasé.

Vegprosjektet rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane omfattar ein tunnel forbi sjølve Rødsliane. Reguleringsplanen for prosjektet blei fyrste gong godkjent av kommunestyret i Suldal i 2017, og den 21. juni 2023 blei det godkjent ei endring av planen. Prosjektet omfattar ein 3 km lang tunell med tilhøyrande dagsoner.

 

Rv. 13 frå Lovraeidet mot Sand er skredutsett med vanskeleg topografi og store ur- og skredområde. Standarden på vegen er dårleg, strekninga er gjennomgåande smal, utan gul midtstripe og med krapp kurvatur. «Lovraeid» er registrert som skredpunkt med høg prioritet i nasjonal skredsikringsplan. Strekninga har status som nasjonal turistveg.

Vei:
Rv. 13
Fase:
Planfase
Kommuner:
Suldal
Fylker:
Rogaland
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2022–2033

Rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Prosjektkontor

Besøksadresse:

Svanholmen 7, Sandnes

Kontakter

Geir Strømstad

Prosjektleder
Telefon:
48 89 97 98
E-post:

Bengt Hangeland

Byggeleder
Telefon:
91 00 64 64
E-post:

Sist oppdatert: