Rv. 15 Graffer–Lom
Prosjektet skal legge til rette for betre framkomst og trafikktryggleik, og redusere kostnadane til vedlikehald.
Riksveg 15 er ein viktig transportkorridor aust-vest for Nordfjord og sørlege delar av Sunnmøre. Eit vegtransportsystem med et godt transporttilbod og god kvalitet på veginfrastrukturen er viktig for mobiliteten til innbyggarane og næringslivet.
Hensikten med utbedringsstrekningar er å oppnå tilfredsstillande standard over lengre strekningar. Det blir lagt vekt på effektiv ressursbruk, med mål om å opfå til gode utbetringar til ein låg kostnad.
Utbetring av heile strekningen mellom Graffer til Lom krev at prosjektet blir prioritert i neste rullering av Nasjonal transportplan (NTP). For å nå opp i konkurransen med andre gode samferdselsprosjekt, er det viktig å finne kostnadseffektive løysingar og halde investeringskostnadane nede.
Offentleg ettersyn av reguleringsplanen skal etter planen skje i slutten av 2023 eller starten av 2024.
- Vei:
- Rv. 15
- Fase:
- Planfase
- Kommuner:
- Lom
- Fylker:
- Innlandet
- Lengde:
- 7000 meter
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2022–2033