11. februar var det informasjonsmøte om planlegging av ny strynefjellstunnel med arm til Geiranger. Rundt 70 personar deltok. (Presentasjonar i artikkelen)

Prosjektdirektør Ove Nesje i Statens vegvesen ynskte velkommen til møtet i Loen.
Prosjektdirektør Ove Nesje i Statens vegvesen ynskte velkommen til møtet i Loen. Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Nærmare 50 personar stilte på det fysiske møtet på hotel Alexandra i Loen, medan rundt 20 personar til fulgte møtet via Teams. Målet med møtet var å få ein god start på planlegginga av ny strynefjellstunnel med arm mot Geiranger. Deltakarane var mellom anna frå dei tre kommunane som er involverte, Statens vegvesen, fylkeskommuner, kraftselskap, statlege etatar, VegforumRV15, Geiranger Veginvest og næringslivet.

Vegprosjektet er prioritert opp i siste revisjon av Nasjonal Transportplan (NTP) med oppstart i første seksårsperiode. Det er i 2025 avsett 20 millionar kroner til planlegging av ny Strynefjellstunnel med arm til Geiranger. 15 millionar av midlane er fordelt til reguleringsplan med konsekvensutgreiing, og 5 millionar er fordelt til utarbeiding av kommunedelplanar for massedeponi i Stryn og Skjåk.

Her er presentasjonane som vart haldne under møtet:

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Møre og Romsdal, Innlandet