Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Full fart ved Seljordsvannet. Mens Sjøormporten tunnel er stengd, blir veglinja til det nye rv. 36 rydja.

 

Sjå på bileta her frå Bukti. Landskapet har blitt kledt nake og viser seg frå ei ny side. Innsida av svingen opp den bratte bakken har blitt rydja for trær. Når den nye vegen kjem, vil linja bli rettare og ikkje så bratt som i dag.


Bratt terreng

Hugsar du grunnborerne som baska seg gjennom tett skog på Stodi-parsellen?  Når trea er borte avslører landskapet at det er godt forståeleg at den tunge boreriggen måtte ha hjelp av wire og vinsj for å kome opp den bratte bakken.

Ser ned i bakken

Akkurat denne staden er også staden kor den aller største fyllinga skal byggjast. Den nye vegen vil liggje litt høgare enn den gamle, samtidig vil den bli plassert rundt femten meter nærmare vatnet.  Her er det utrekna at det kan gå med så mykje som 120 000 kubikkmeter stein. Steinen vil både byggjast opp i høgda og i bredda for å lage fyllinga stabil.
Etter kvart skal store mengder fjell sprengjast laust. Terrenget er barskt og somme stader er det nødvendig å byggje opp anleggsvegar for i det heile tekne å kome til.  Det vil du sjå på innsida av svingen, som er sikra med ein midtdelar, når vegen opnar igjen 1. desember. 

Fram i lyset

Med trea borte, kjem mykje som har vore gøymt, fram i lyset. Det gjeld blant annan førre generasjon veg langs vatnet.  Denne vil bli forsøk skåna i størst mogeleg grad.
Langs riksvegen heng det også høgspentkabel og fiberkabel, desse held no Vest-Telemark kraftlag på å flytte mellombels.  Dette blir gjort fordi kablane skal stå trygge utan fare for å bli øydelagt av anleggsmaskinene.  Når den nye vegen kjem, vil leidningane her liggje i grøftekanten.

Hogst og framdrift på rv.36 Bø-Seljord
Stodi Foto: Tor Arvid A. Gundersen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark