Rob og Brigitte er heftig begeistra – Sjøormen rasteplass er blitt populær
Sjøormen i Seljordvatn har fått ein slektning: Ein 30 meter lang artsfrende på ein nyopna rasteplass på riksvei 36 ved vatnet.
![Rasteplassen er blitt populær og mykje brukt i heile sommar.](/globalassets/vegprosjekter/utbygging/rv36seljorstrondi/bilder/rv36-sjoormen-rasteplass.jpg?width=768&mode=crop)
- So nice, sa Rob Breukelen og Brigitte Meerooms frå Nederland da dei var på besøk sist helg. Paret frå Purmerend i nærheten av Amsterdam var veldig begeistra for plassen. Dei fotograferte sjøormen og den flotte utsikten utover Seljordsvatnet. Foto er deira store hobby.
Rob og Brigitte har hatt bilferie i Norge i tre uker. No skal de starte på hjemturen etter nokre dagar i Telemark. I går var de på Gaustatoppen.
![Rob Breukelen ig Brigitte Meerooms frå Nederland er begeistra for plassen og sjøormen både til vanns og på land.](/globalassets/vegprosjekter/utbygging/rv36seljorstrondi/bilder/rob-breukelen-ig-brigitte-meerooms.jpg?width=768&mode=crop)
Auka trafikk
Frå opninga av den nye rasteplassen i mai i år har trafikken på rv. 36 auka med vel 35 prosent samanlikna med årsdøgntrafikken i åra før. Årets sommarmånader fortel om ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 2552 i juni 21, 3269 i juli 21 og 2836 i august 21.
- Gjennomsnittleg årsdøgntrafikk i perioden 2012 – 2015 var 2 394. Juli 2021 hadde derfor ca 35% fleire køyretøy pr døgn enn gjennomsnittet i perioden 2012 – 15, fortel prosjektleiar Tom Hedalen i Statens vegvesen.
Opna i mai 21
Utbetringsprosjektet på rv. 36 mellom Bø og Seljord blei billegare enn først rekna med, utbetringa er gjennomførd på ei lengre strekke enn planlagd og på mye kortare tid - og med lågare bomtakster enn først berekna.
- Vi er og glade for at Sjøormen rasteplass ved Seljordvatn er blitt eit stor trekkplaster for turistar og andre vegfarande, seier Tom Hedalen.
![Kjell Inge Davik og Tom Hedalen på vegopninga i Seljord. (Foto: Kjell Wold)](/globalassets/vegprosjekter/utbygging/rv36seljorstrondi/bilder/kjell_inge_davik_og_tom_hedalen.jpg?width=768&mode=crop)