Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

For å unngå hjulspor og setningar i vegen, krev det stor nøyaktigheit i oppbygginga. Vegvesenet kontrollerar sjølv om dette er gjort rett før asfalten blir lagt.

I Skien har Statens vegvesen ein lastebil som er utstyrt med spesialutstyr til å måle oppbygginga av ein veg. Bileta du ser i denne artikkelen er frå den nye E 134 i Mælefjelltunnelen mellom Gvammen i Hjartdal og Århus i Seljord. Tilsvarande målingar blir gjordt på same vis når vegen går ute i dagen.

Plateprøve
Platebelastning Mælefjelltunnelen og test i laboratoriet i Skien Laborantene Stig Rønningen, Thomas Wefall og Thommas Pedersen


Spesiallaga utstyr

- Vi er tre mann som utfører platebelastning. Det vi måler er rett og slett korleis oppbygginga av vegen toler trykkbelastning, fortel laborant Stig Rønningen.
Måleutstyret er montert på eit vekselflak - lasteplan som kan skiftast ut - på ein lastebil. Denne løysinga er unik og er utvikla av Rønningen og kollega Thomas Wefall i Telemark. Den eigenutvikla løysinga gjer at målingane kan utførast enkelt og presist, og svært mykje mindre tidkrevjande enn metodane som blei brukte tidlegare.


Kilar fast steinane

På bileta ser du den grove steinen mot tunnelveggen og den finare massa som plata står på. Den grove steinen på denne vegen er i storleik 20-120 millimeter. Etter at den er lagt ut, er den retta opp og komprimert med ein vals. Føremålet med det er at vegen skal bli stabil og plan. På toppen blir det lagt eit lag med finare masser, det blir kalla forkeilingslag og har som oppgåve å tette.
Sjå for deg ein stabel med ved. Grovt stabla blir det mykje luft mellom vedkubbane, slik blir det også med steinane i vegen. Med steinkvalitet 20-120 millimeter, vil små steinar leggje seg mellom større når vegvalsen pressar på massene.


Stiv veg

- Når vegen er rett komprimert, blir den stiv. Denne stivleiken er det vi måler. Vi pressar ned med fem faste belastningstrinn opp til seks tonn og måler kor mykje vegen søkk, forklarer laborant Thommas Pedersen.
I den 9,4 kilometeren lange Mælefjelltunnelen, blir asfalten lagt i etappar etter kvart som arbeidet skrir fram. Målingane i akkurat dette tilfellet viste at komprimeringsjobben var gjort svært bra, likevel var det små avvik på nokre av målingane.
- I dette tilfellet var det nok å køyre valsen over ein gong til før asfalten blir lagt.


Asfalterast i fleire lag

Dei to fyrste laga asfalt som blir lagt, er berelag som har som oppgåve å fordele trykket frå bilhjula over eit større område. Deretter blir det lagt eit nytt lag - bindlag. Helt til slutt blir slitelaget som er det vi køyrer på lagt. I Mælefjelltunnelen blir slitelaget lagt etter at det meste av arbeidet i tunnelen er gjort i 2019.
Arbeidet til laborantane er ikkje ferdig når platebelastninga er utførd. Stein er nemleg ikkje stein. Derfor tek dei med seg fleire hundre kilo stein som blir kvalitetstesta i laboratoriet i Skien.

Sjå også Stein avgjerande for vegkvalitet

Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark