Vegvesenet oppmodar alle til å respektere skilt og sperringar
Statens vegvesen held riksveg 36 stengd for trafikk mellom Sanden camping og vidare mot Seljord i samband med dei omfattende sprengings- og fjellsikringsarbeida på den nye vegen ved Bukti. Det er ikkje mogleg å passera med bil på denne strekninga mens arbeida går føre seg.
- Vi oppmodar alle til å respektera skilting og sperringar på riksvegen. Omlegging av vegen og fjerning av rekkverk gir en farleg kombinasjon for bilistar inne i anleggsområdet, seier prosjektleiar Tom Hedalen. Han seiar vidare at arbeida går som planlagt og det vil vere full aktivitet på Buktiparsellen fram til opninga rundt 1. mai i år.
Entreprenør Hovden Hytteservice har ein arbeidsgjeng på om lag 35 mann i gong på strekninga. Det skjer store endringar dag for dag langsetter riksvegen på Bukti. Vegen er lagt om på steinfylling og vert nytta som anleggsveg for dei store maskinane som transporterer sprengd fjell.
Sidan 1. desember er det sprengd meir enn 20 salver. Fleire av salvene er på mange tusen kubikk, den største er på 7772 m3. Dette gjer at anleggstrafikken på vegen er omfattande.
Entreprenøren har god dialog med dei som bur nærast. Dei som har hus og hytte i området er oppmoda til å ta kontakt med entreprenøren.
Vegen held stengd fram til omkring 1. mai. Det er omkøyring for personbilar på vestsida av Seljordsvatnet, om Garvikstrondi.