Holde bru-Tuv
Statens vegvesen skal i samarbeid med Hemsedal kommune lage detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg langs riksveg 52 mellom Holde bru og Tuv.
I 2023 blei gang- og sykkelvegen mellom Trøim og Holde bru bygd. I 2022 ble reguleringsplanen mellom Tuv og Venås vedteken. Reguleringsplanen for Tuv sentrum ble vedteken i 2019. Desse planane omfattar blant anna gang- og sykkelveg.
Eit gang- og sykkelvegtilbod mellom Holde og Tuv vil kople vedtekne planar saman med eksisterande gang og sykkelanlegg. Når alt er bygd vil det væra et samanhengande gang- og sykkelanlegg frå Venås i vest til Ulsåk i øst på 11,5km.
Dette vil bidra til både økt trafikksikkerheit og mobilitet for mjuka trafikantar både lokalt og på lengre reiser.
Gang- og sykkelvegen mellom Trøim og Holde bru ligg på nordsida av riksvegen. Brua for gåande og syklande i Tuv ligg også på nordsida av riksvegen. Samtidig er det meste av busetnaden i planområdet på nordsida, og på store deler av strekninga ligg riksvegen så nær Hemsil på sørsida av vegen at moglegheitene for å utvide vegarealet sørover er dårleg.
Fremdrift
Formellt varsling om oppstart av reguleringsplanarbeidet blei varsla 19. juni 2024, med frist for innspel 9. august 2024. Les meir om moglegheit for å komme med innspel.