Lysregulering ved Skjøiten bru
Frå måndag 31. mai og ut året 2021 blir det lysregulering av trafikken forbi Skjøiten bru på rv. 52 i Hemsedal.
-Anleggsarbeidet er no i gang for fullt og vil og halde fram gjennom heile sommaren utan ferieopphald, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Tone Bakken.
Dei neste vekene blir det og ein del sprengingsarbeid på sida av dagens veg. Entreprenøren Hæhre vil prøve å gjere mest mogleg av bruarbeidet i løpet av denne sommaren og hausten.
Trafikkantane må rekne med litt ventetid gjennom anleggsstaden.