Open kontordag i Hemsedal
Reguleringsplanforslaget for Rv. 52 Eikredammen–Ulsåk var på høyring i perioden 8. januar til 19. februar.
Det kom inn 12 innspel til reguleringsplanforslaget på strekninga. Fem frå offentlege etatar, fire frå private grunneigarar og tre frå andre interessentar.
I høyringsperioden vart det ønskt eit høve til å møte Statens vegvesen for å få informasjon og gi tilbakemelding på planforslaget. 15. mars vart det derfor send ut invitasjon til open kontordag 2.april 2024.
Tre grunneigarar melde interesse for å delta på kontordagen.
Tema som vart diskuterte var fart på riksveg 52, arealbeslag, tiltak for myke trafikantar, støy og skog- og landbruksavkøyringar.
No vil Statens vegvesen gå gjennom innspela til planen i frå den opne kontordagen saman med dei skriftlege innspela, og vurdera aktuelle forbetringar av planforslaget. Deretter blir planen send til vedtaksbehandling i Hemsedal kommune.
![Bilete som viser besøk på ope kontordag i samband med Eikredammen-Ulsåk. To tilsette frå vegvesenet, og to grunneigarar.](/contentassets/2d0b63a94f5143cca35a88f31b51da00/apen-kontordag-eikredammen-ulsak.jpg?width=768&mode=crop)