Arbeidet med kommunedelplan er i full gang
Arbeidet med å finne den beste veglinja for ny riksveg 5 mellom Erdal og Naustdal går framover. I slutten av august vart det arrangert silingsverkstad om planane.
- I første omgang ynskjer vi å belyse mange ulike alternativ, og 26. august vart det arrangert ide/silingsverkstad der både private og i offentlege aktørar var invitert til å bidra med synspunkt. Dette saman med anna fagleg utgreiingsarbeid som er i gang vil det danne utgangspunkt for kva veglinjer vi vil utgreie nærmare, seier planleggingsleiar Magna F. Vangsnes i Statens vegvesen. Dokument frå silingsverkstaden og referat finn du i høgre kolonne på sida her.
I løpet av september er målsettinga å utarbeide ein silingsrapport. Rapporten skal gje grunnlag for å:
- bestemme kva vegalternativ det er verdt å arbeide vidare med
- bestemme kva vegalternativ som synast uaktuelle å bruke meir ressursar på å utgreie
Silingsrapporten er med andre ord ikkje eit endeleg val av vegtrasear, men eit spørsmål om kva for nokre alternativ det er verd å skaffe seg meir kunnskap om gjennom arbeidet med konsekvensutgreiing, trafikk- og ROS-analysar m.v. som no etter kvart vert starta opp.
- Fleire linjer vil bli tekne med vidare i utgreiingsarbeidet. Silingsrapporten vil bli presentert for formannskap og kommunestyre i Sunnfjord kommune og for offentlege etatar, seier Vangsnes.
Den vert og lagt ut her på prosjektet sin side på vegvesen.no
Norconsult er engasjert av Statens vegvesen til å gjennomføre utgreiingane.
Framover mot jul vil det bli utarbeidd forslag til kommunedelplan. Denne vert lagt ut på offentleg høyring etter reglane i plan- og bygningslova.